Velkomen til Tjørvågvegen 270
Her finn du denne oppgraderte eneboligen over 3 plan som ligg sentralt til i Tjørvågen.
Boligen har sidan 2003 blitt betydelig oppgradert både utvendig og innvendig siste åra.
I 2003 blei det lagt ny taktekking og takrennesystem, ny kjøkkeninnreiing i 2005, innvendige overflater vart fornya i 2010, våtrom/baderom blei oppgradert i 2010, ny bordkledning og uskifting av ein del vindauge i 2010 og sikringsskap blei oppgradert til automatsikringar i 2022.
Eigedomen ligg litt ovanfor Tjørvågvegen i noko skjerma omgivelsar. Opparbeidd med grusa tilkomst, diverse beplanting og stort plenareal. Fin utsikt utover fjorden og den vakre naturen i kring.
Ein bolig du kan flytte rett inn i.
PÅMELDINGSVISNING