ØRSTA – BUD MOTTATT – Innhaldsrik enebolig over 3 plan. 8 soverom. Sentrumsnært.

Kr 3 750 000,-
Kort om eigedomen

Velkommen til Nedre Farkvamen 6.

Her finn du denne store og innhaldsrike eneboligen over 3 plan med heile 8 soverom og hybelleiligheit i u.etg.
Eigedomen er beliggande i etablert og populært boligområde. Sentrumsnært men ligg samtidig skjerma til i enden av blindveg.
Frå eigedomen er det kort avstand til barnehage, skular, idrettsanlegg og sentrum av Ørsta.
Eigedomen er opparbeidd med asfaltert tilkomst inn til garasje nedanfor boligen. Ellers har du plenareal, hekkar, diverse beplantning og terrasse.
Her har du muligheit å skaffe deg ein innhaldsrik enebolig med mykje potensiale.

PÅMELDINGSVISNING: Interessenter må ta kontakt med meklar for avtale om visning.