Velkomen til Tueneset!
Her finn du eit velhalde naust i eit etablert naustområde på Tueneset, Dimna i Ulstein kommune. Naustet vart oppført i 2018 og går over to plan.
I 1. etasje er det rikeleg med plass, og her kan du til dømes vinterlagre båt, bubil eller campingvogn. 2. etasje har noko lågare takhøgd, men byr likevel på god lagringsplass for kasser, møblar og anna utstyr.
Eigedomen ligg idyllisk til på Tueneset, der det er oppført totalt 12 naust av same storleik, i tillegg til ei sjøbod. Sameiget disponerer felles opptrekk for båt.
PÅMELDINGSVISNING: Interessenter må ta kontakt med megler for avtale om visning.