SKEIDE PANORAMA – 10 SOLGT / 2 RESERVERT – Høg standard – Nydelig utsikt – Bygg B ferdigstillast ila. året
Det vil bli asfaltert tilkomst inn til eigedomen og parkeringsareal ved eigedomen. Område i front og ved siden av bygga blir planert og klar til evt. legging av plen, terrasse el.l.
Eigedomen ligg øvst oppe i det nye byggefeltet på Skeide med fri og nydelig utsikt utover havet med gode solforhold. Kort avstand inn til sentrum av Ulsteinvik. Ny infrastruktur til område er ferdigstilt.
Dersom du bor på Skeide er du i nærheita til det meste. Her er det kort og flat veg inn til sentrum av Ulsteinvik med dei fleste servicefunksjonar. Er du glad i å gå tur i skog og mark, finn du ein rekke turstiar på baksida av eigedomen. Vil du fiske eller bade er det berre å rusle seg ein tur nedi fjøra. Barneskule og barnehage er også i nabolaget.
So her har du kort veg til det meste samstundes som du bor i eit stille og roleg område.
Adresse/l.nr | BRA | Soverom | Pris |
---|---|---|---|
Bygg B - L.NR. 402 | 2 | 6 490 000 | |
Bygg B - L.nr.202 | 3 | 6 350 000 | |
Bygg B - L.nr.201 | 3 | 6 350 000 | |
Bygg B - L.nr.102 | 2 | 5 990 000 | |
Bygg B - L.nr.401 | 2 | 6 490 000 | |
Bygg A - L.nr.202 | 3 | 6 190 000 |