Legal blei etablert i 2021 og kvar av oss har lang erfaring innan sitt spesialfelt. Dette gjer oss i stand til å bistå med sal av alle typar eigedom.
Vi som meklarforetak skal forvalte din kanskje største verdi, og då er valg av eiendomsmeklar viktig. For oss er det viktig med kvalitet i alle ledd av salgsprosessen, samt tryggheit for både selgar og kjøpar og ivareta begges interesser som mellommann.
Legal er eit bankuavhengig firma som er opptatt av integritet og å sette sammen dei beste løysingane for kunden. Vi har god kunnskap og erfaring innanfor alle ledd i salgsprosessen, noko som gjer at vi kan kvalitetssikre og utføre det vi skal på ein effektiv måte.
Våre tilsette i Legal
Tommy Sylte
Tommy har nesten 16 års erfaring som Eigedomsmeklar og har i denne perioda solgt over 1200 boligar/eigedomar. I tillegg har han utført eit stort antall verdivurderinger/Etakster, noko som gjer at han har meget god oversikt over marknaden og kva ein kan forvente å få for sin eigedom. Dette gjer han til ein av dei mest erfarne meklarane på Sunnmøre. Tommy har også jobba 6 år i Sparebanken Møre som kundeansvarleg i personmarknaden. Erfaringa han fikk med seg her gjer at han kan bistå både kjøpar og selgar innanfor dei fleste stega i ein salgsprosess.
Thomas Lundberg
Thomas har over ei 10 års periode, fram til 2021, vore fagansvarleg for eit større meklarselskap med ansvar for heile salsprosessen. Lundberg har i tillegg oppdrag frå tingrettar når det gjeld medhjelparsal. Han har bistått i ei rekke større eigedomtransaksjonar i området på både kjøpar og seljarsida ved forhandling og inngåelse av kontrakter. Lundberg bistår utbyggarar i ulike faser der også oppgjersoppdrag inngår.
Cecilie Langva
Cecilie har spesialkompetanse knytta til eigedomstransaksjonar ved omsetning av fast eigedom og eigedomsselskap, herunder gjennomføring av due diligence-prosessar på selgar og kjøpars side. Ho held også kurs for eigedomsmeklarar godkjent av Finanstilsynet som etterutdanning.
Ho bistår jevnleg utleigarar og leietakarar med forhandling, inngåing, reforhandling og forlenging/oppsigelser av leigekontrakter. Kan også bistå større aktørar med utvikling av bolig- og næringseigedom, herunder deling av grunneigedom, seksjonering, etablering og finansiering av borettslag og seksjonssameie, oppretting av huseigarforeiningar og velforeingar.
I tillegg er Cecilie oppnevnt salgsmedhjelpar ved gjennomføring av tvangssalg for Møre og Romsdal tingrett.
Espen Skarbø
Espen har de siste tre årene vært eiendomsmegler hos Møremegling og bringer med seg en imponerende 17 års erfaring fra bransjen. Med Møre og Romsdal som sitt primære arbeidsområde har han også bred erfaring fra tidligere meglerjobber i både Bergen og Oslo. Espen er bosatt på Åse i Ålesund og har hovedansvaret for eiendomsmegling i Ålesund og områdene rundt. Han har en solid akademisk bakgrunn med utdanning i internasjonal markedsføringsledelse, spesialisert innen innovasjonsledelse og entreprenørskap, fra Handelshøyskolen BI og Berkeley University i USA, samt eiendomsmeglereksamen som privatist.
Eva Haugen Øye
Eva kjem til Legal med solid erfaring som fagleg leiar hos Eiendomsmegler 1 og har opparbeidd seg djup kunnskap om den lokale marknaden på Søre Sunnmøre. Med si juridiske utdanning og spesialisering innan fast eigedoms juss er Eva ein ressurs på fleire felt innan eigedomsmekling. Ho er ein sentral del av teamet vårt som jobbar med nybygg og prosjektmegling, der ho sikrar at kundane får profesjonell og kunnskapsrik rådgjeving i alle fasar av salgsprosessen. Evas engasjement og erfaring gjer ho til ein trygg støttespelar for både kjøparar og seljarar.
Ulrik Saunes Sulebakk Sylte
Ulrik har vore ein del av Legal i eitt år. Han bistår med backoffice, visingar og kundekontakt, og lidenskapen hans for eigedomsmekling, kombinert med eit sterkt ønskje om å levere topp kvalitet, gjer han til eit svært positivt tilskot til vårt dyktige team.