Velkomen til Engesetvegen 119
Romslig enebolig med idyllisk beliggenheit på Øvre Engeset.
Her bur du landleg og fredeleg til for deg sjølv, samstundes som du har kort avstand til barnehage, flotte tur- og friluftsområde samt handels- og servicetilbod i Ørsta sentrum. Sjeldan stor tomt som sikrer deg at det ikkje blir bygd framfor deg.
Bustaden går over to plan og byr på ei funksjonell planløysing med mellom anna fem soverom, fleire stover, bad, vaskerom og god lagringsplass.
Tomta har nydeleg utsikt, og det er asfaltert tilkomst heilt opp til bustaden. Rundt eigedomen finn du stort sett dyrka mark, som gir ein open og luftig atmosfære.
I tillegg har eigedomen carport m/tilhøyrande sportsbod. Ein perfekt bustad for deg som ønskjer god plass og rolege omgjevnader!
Velkomen til visning