Vi i Legal er eit nyoppstarta firma som kvar for oss har lang erfaring innanfor kvart vårt felt. Dette gjer at vi kan bistå ved salg av alle typar eigedomar.
Vi som meklarforetak skal forvalte din kanskje største verdi, og då er valg av eiendomsmeklar viktig. For oss er det viktig med kvalitet i alle ledd av salgsprosessen, samt tryggheit for både selgar og kjøpar og ivareta begges interesser som mellommann.
Legal er eit bankuavhengig firma som er opptatt av integritet og å sette sammen dei beste løysingane for kunden. Vi har god kunnskap og erfaring innanfor alle ledd i salgsprosessen, noko som gjer at vi kan kvalitetssikre og utføre det vi skal på ein effektiv måte.
Våre tilsette
Tommy Sylte
Tommy har nesten 16 års erfaring som Eigedomsmeklar og har i denne perioda solgt over 1200 boligar/eigedomar. I tillegg har han utført eit stort antall verdivurderinger/Etakster, noko som gjer at han har meget god oversikt over marknaden og kva ein kan forvente å få for sin eigedom. Dette gjer han til ein av dei mest erfarne meklarane på Sunnmøre. Tommy har også jobba 6 år i Sparebanken Møre som kundeansvarleg i personmarknaden. Erfaringa han fikk med seg her gjer at han kan bistå både kjøpar og selgar innanfor dei fleste stega i ein salgsprosess.
Thomas Lundberg
Thomas har over ei 10 års periode, fram til 2021, vore fagansvarleg for eit større meklarselskap med ansvar for heile salsprosessen. Lundberg har i tillegg oppdrag frå tingrettar når det gjeld medhjelparsal. Han har bistått i ei rekke større eigedomtransaksjonar i området på både kjøpar og seljarsida ved forhandling og inngåelse av kontrakter. Lundberg bistår utbyggarar i ulike faser der også oppgjersoppdrag inngår.
Cecilie Langva
Cecilie har spesialkompetanse knytta til eigedomstransaksjonar ved omsetning av fast eigedom og eigedomsselskap, herunder gjennomføring av due diligence-prosessar på selgar og kjøpars side. Ho held også kurs for eigedomsmeklarar godkjent av Finanstilsynet som etterutdanning.
Ho bistår jevnleg utleigarar og leietakarar med forhandling, inngåing, reforhandling og forlenging/oppsigelser av leigekontrakter. Kan også bistå større aktørar med utvikling av bolig- og næringseigedom, herunder deling av grunneigedom, seksjonering, etablering og finansiering av borettslag og seksjonssameie, oppretting av huseigarforeiningar og velforeingar.
I tillegg er Cecilie oppnevnt salgsmedhjelpar ved gjennomføring av tvangssalg for Møre og Romsdal tingrett.