Overtaking av eventuelle felles- og uteområde, samt del i realsameige (for p-plass/bod), skjer samstundes med overtakinga av den enkelte leilegheita.
Overtakinga av bustaden med tilhøyrande del av fellesområde/realsameige kan ikkje nektast av kjøparen sjølv om desse ikkje er ferdigstilte. Dersom delar av utvendige arbeid/realsameige ikkje er ferdigstilte ved overtakinga, skal manglande ferdigstilte arbeid noterast i overtakelsesprotokollen. Kjøparen blir informert om moglegheita til å halde att naudsynt beløp på megler si klientkonto som tryggleik for manglane. Det halde att-beløpet må vera i samsvar med manglane. Alternativt kan seljar stilla garanti for ferdigstillinga, med beløp utarbeida av takstmann.
Ovanståande informasjon om halde att gjeld også for dei forholda som står att for å få ferdigattest.