Skal du selge din eigedom?  Lurer du på kva verdien er?  Ta alltid kontakt med oss for råd og eit godt tilbod.  Vi har lang erfaring og tek på oss oppdrag med alle typar eigedomar.

Befaring

Før du evt. bestemmer deg for om du skal selge eller ikkje, tek vi alltid ein uforpliktande gjennomgang av din eigedom. Her går vi gjennom dykkar ynskje og behov og kjem med tips og råd som kan vere med på å optimalisere prosessen for akkurat ditt boligsalg.

Salgsforbereding

Etter at du har bestemt deg for å bruke oss i Legal, startar vi prosessen med å hente inn nødvendig informasjon om eigedomen ifrå bla. kommunen, grunnbokutskrift, bestille takstmann, fotograf, etc. Når all informasjon er på plass, lagar vi til salgsoppgåve/prospekt som du som selgar får gå gjennom og godkjenne før vi legg eigedomen på marknaden.

Takst / Fotograf

Dette er eksterne aktørar som vi kan bestille inn på vegne av selgar. Prislister og info om produkt vil bli forelagt på befaring.

Marknadsføring av eigedomen

Vi vil tilpasse annonseringa slik at det blir relevant for din eigedom. Nettannonsering via finn.no, vår eiga heimeside, målrettet nettannonsering via sosiale medier som Facebook og Instagram, samt avisannonsering etter ynskje frå kunden. Alt dette for at selgar skal oppnå eit best mogleg resultat.

Visning

Her tilbyr vi både felles visningar og privatvisningar. Ved annonsering vil meklar sette opp tidspunkt for felles visning tilpassa kva type eigedom det er. Vi er også fleksible med tanke på å tilby privatvisningar for interessentane. Visninga er ein viktig arena der vi får avdekt kven som er interessert, spørsmål knytta til eigedomen og oppfølging i ettertid.

Budgiving

Etter visning held vi tett dialog med potensielle kjøparar og kjem med råd undervegs til deg som selger. Her legg vi vekt på tilgjengeligheit og at begge partar blir fornøgd med resultatet.

Signering av kontrakt

Vi sender ut kontrakt og akseptbrev for gjennomgang før oppsatt kontraktsmøte på vårt kontor. Vi er også fleksibel med gjennomgang via Skype eller esignering. Våre kontrakter er utarbeidd etter gjeldande regelverk og sikrar både kjøpars og selgars rettigheiter.

Oppgjør og overtaking

På overtakinga skal kjøpar og selgar gå gjennom eigedomen i fellesskap for godkjenning av vasking, rydding og praktiske ting. Etter avtale med partane prøver vi alltid å vere tilstades for å hjelpe. Etter overtakinga ordner vi med tinglysing av skjøte, innfriing av lån, sletting av pant og utbetaling av oppgjeret til selgar.