VOLDA

Rydet 16

MORKSENTERET – Innhaldsrik eigedom m/utviklingspotensiale. Eiga strandlinje
Kr13 500 000,-

Velkomen til Rydet 16!

Unik moglegheit til å sikra deg ein innhaldsrik og særs attraktiv næringseigedom med egen strandlinje.

Eigedommen ligg på Mork, mellom Furene og Volda sentrum, i Volda kommune – omgitt av vakker natur, skog og maritim atmosfære.

Dette er ein stad som kombinerer ro og naturnærleik med enkel tilkomst og gode logistikkløysingar.

«Morksenteret» på folkemunne, omfattar mellom anna kontorlokale, pasientrom, storkjøkken, matsal, opphaldsrom, behandlingsrom og badebasseng. Lokala vart tidlegare nytta av Helse Møre og Romsdal som del av den spesialiserte rehabiliteringstenesta, fram til drifta vart avvikla i juni 2023.

Siste større påkosting vart gjort i 2009, då fasaden mot vest fekk nye vindauge. Eigedomen har difor eit solid utgangspunkt for vidare utvikling.

Tomta opnar for mange moglegheiter og eignar seg godt for næringsverksemd innan reiseliv, helse og omsorg, konferanse, kursverksemd eller annan aktivitet der tilkomst, utsikt og atmosfære spelar ei sentral rolle.

Med berre 5 minutt køyring til Volda sentrum og ca 10 minutt til Ørsta, er alle tenester og fasilitetar lett tilgjengelege. Hovden flyplass ligg også kun minutter unna, noko som gir god tilgjenge for både tilsette, kundar og evt. samarbeidspartnarar.

Eigedommar av denne typen og kvalitet kjem sjeldan ut på marknaden. Her får du ei sjeldan ramme for å utvikla noko heilt unikt – anten du ønskjer å vidareutvikle eksisterande bygningsmasse eller skape ein ny destinasjon frå grunnen av.

Ta kontakt med meklar for avtale om visning.

Eigedom
Næringseiendom
Etasjar
3
Byggeår
1972
Soverom
0
Bad
0
P-rom
3902
Fasilitetar
Tomta er romsleg og består av velstelte grasareal som omgir bygningen, med naturleg vegetasjon som tre og buskar som gir eit grønt og harmonisk inntrykk. Ho ligg i eit landleg, tilbaketrekt område og grensar til sjøen, noko som gir vakker utsikt over vatnet. Tomta strekkjer seg heilt ned til vasskanten. Tomta har ein svakt hellande struktur mot vatnet, noko som gir bygningen ein attraktiv plassering med god utsikt frå fleire sider. Rundt bygget er det gode moglegheiter for parkering og annan bruk av uteareala. I tillegg til dei opne engene, er eigedommen omgitt av lett skog og grøne marker, som gir ei naturleg skjerming mot naboane og skapar ein privat atmosfære. Omgjevnadene er prega av ro og stillheit, med flott utsikt mot fjella i horisonten, samstundes som området gir god tilgang til friluftsliv, turstiar og sjøaktivitetar.
Tomt
8553.5
Om eigedomen
Velkomen til Rydet 16! Unik moglegheit til å sikra deg ein innhaldsrik og særs attraktiv næringseigedom med egen strandlinje. Eigedommen ligg på Mork, mellom Furene og Volda sentrum, i Volda kommune – omgitt av vakker natur, skog og maritim atmosfære. Dette er ein stad som kombinerer ro og naturnærleik med enkel tilkomst og gode logistikkløysingar. «Morksenteret» på folkemunne, omfattar mellom anna kontorlokale, pasientrom, storkjøkken, matsal, opphaldsrom, behandlingsrom og badebasseng. Lokala vart tidlegare nytta av Helse Møre og Romsdal som del av den spesialiserte rehabiliteringstenesta, fram til drifta vart avvikla i juni 2023. Siste større påkosting vart gjort i 2009, då fasaden mot vest fekk nye vindauge. Eigedomen har difor eit solid utgangspunkt for vidare utvikling. Tomta opnar for mange moglegheiter og eignar seg godt for næringsverksemd innan reiseliv, helse og omsorg, konferanse, kursverksemd eller annan aktivitet der tilkomst, utsikt og atmosfære spelar ei sentral rolle. Med berre 5 minutt køyring til Volda sentrum og ca 10 minutt til Ørsta, er alle tenester og fasilitetar lett tilgjengelege. Hovden flyplass ligg også kun minutter unna, noko som gir god tilgjenge for både tilsette, kundar og evt. samarbeidspartnarar. Eigedommar av denne typen og kvalitet kjem sjeldan ut på marknaden. Her får du ei sjeldan ramme for å utvikla noko heilt unikt – anten du ønskjer å vidareutvikle eksisterande bygningsmasse eller skape ein ny destinasjon frå grunnen av. Ta kontakt med meklar for avtale om visning.