VOLDAPORTALEN – Kun 6 stk. leiligheiter igjen – Nye og praktiske leiligheiter klare til innflytning. Heis, garasjeanlegg, vannboren varme.
Overtaking av eventuelle felles- og uteområde, samt del i realsameige (for p-plass/bod), skjer samstundes med overtakinga av den enkelte leilegheita.
Overtakinga av bustaden med tilhøyrande del av fellesområde/realsameige kan ikkje nektast av kjøparen sjølv om desse ikkje er ferdigstilte. Dersom delar av utvendige arbeid/realsameige ikkje er ferdigstilte ved overtakinga, skal manglande ferdigstilte arbeid noterast i overtakelsesprotokollen. Kjøparen blir informert om moglegheita til å halde att naudsynt beløp på megler si klientkonto som tryggleik for manglane. Det halde att-beløpet må vera i samsvar med manglane. Alternativt kan seljar stilla garanti for ferdigstillinga, med beløp utarbeida av takstmann.
Ovanståande informasjon om halde att gjeld også for dei forholda som står att for å få ferdigattest.
Voldaportalen er plassert i hjartet av Volda, og tilkomsten er både enkel og praktisk.
Kort avstand til offentleg transport, turløyper rundt Rotevatnet, idrettsanlegget på Volda Stadion og Volda Campus der det er stor aktivitet året rundt.
Den sentrale plasseringa gjev umiddelbar tilgang til butikkar, apotek, sportsbutikk, kafe og andre naudsynte tenester.