Skal du selge din eigedom? Lurer du på kva verdien er? Ta alltid kontakt med oss for råd og godt tilbod.  Vi har lang erfaring og tek på oss oppdrag med alle typar eigedomar.

Befaring
Før du evt. bestemmer deg for om du skal selge eller ikkje, tek vi alltid ein uforpliktande gjennomgang av din eigedom. Her går vi gjennom dykkar ynskje og behov og kjem med tips og råd som kan vere med på å optimalisere prosessen for akkurat ditt boligsalg.

Salgsforbereding
Etter at du har bestemt deg for å bruke oss i Legal, startar vi prosessen med å hente inn nødvendig informasjon om eigedomen ifrå bla. kommunen, grunnbokutskrift, bestille takstmann, fotograf, etc. Når all informasjon er på plass, lager vi til salgsoppgåve/prospekt som du som selgar får gå gjennom og godkjenne før vi legg eigedomen på marknaden.

Takst / Fotograf
Dette er eksterne aktørar som vi kan bestille inn på vegne av selger. Prislister og info om produkt vil bli forelagt på befaring.

Marknadsføring av eigedomen
Vi vil tilpasse annonseringa slik at det blir relevant for din eigedom. Nettannonsering via finn.no, vår eiga heimeside, målretta nettannonsering via sosiale medier som Facebook og Instagram, samt avisannonsering etter ynskje frå kunden. Alt dette for at selgar skal oppnå eit best mogleg resultat.

Visning
Her tilbyr vi både felles visningar og privatvisningar. Ved annonsering vil meklar sette opp tidspunkt for felles visning tilpassa kva type eigedom det er og etter avtale med selgar. Vi er også fleksible med tanke på å tilby privatvisningar for interessentane. Visninga er ein viktig arena der vi får avdekt kven som er interessert, spørsmål knytta til eigedomen og oppfølging i ettertid.

Budgiving
Etter visning held vi tett dialog med potensielle kjøparar og kjem med råd undervegs til deg som selger. Her legg vi vekt på tilgjengeligheit og at begge parter blir fornøgd med resultatet.

Signering av kontrakt
Vi sender ut kontrakt og akseptbrev for gjennomgang før oppsatt kontraktsmøte på vårt kontor. Vi er også fleksibel med gjennomgang via Skype eller esignering. Våre kontrakter er utarbeidd etter gjeldande regelverk og sikrar både kjøpars og selgars rettigheiter.

Oppgjer og overtaking
På overtakinga skal kjøpar og selgar gå gjennom eigedomen i fellesskap for godkjenning av vasking, rydding og praktiske ting. Etter avtale med partane prøver vi alltid å vere tilstades for å hjelpe. Etter overtakinga ordnar vi med tinglysing av skjøte, innfriing av lån, sletting av pant og utbetaling av oppgjer til selgar.